PAB logo

photo belonging to pab-news article

Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand

Frå 26. august til 8. september 2025 inviterer Performance Art Bergen og Longva Kunstnarresidens og til den 7. utgåva av Mellom himmel & hav, eit internasjonalt performanceinitiativ som finn stad kvart tredje år på ulike norske øyar. Festivalen feirar i år 20 år. Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand  er eit fleirsidig prosjekt som legg til rette for kunstproduksjon, samtaler, seminar, omvisningar og offentlege arrangement. 7 internasjonale kunstnarar er invitert til å utvikle nye performative arbeid inspirert og informert av diskusjonar med faglege inviterte gjestar som del av arbeidsopphaldet på Skuløy/Flemsøy i Møre og Romsdal.

Laurdag 6. september ynsker vi velkomen til ein open dag med performance og syninger med dei internasjonale kunstnarane i området rundt det store, raude naustet i Longva hamn på Skuløy/Flemsøy. 

Uvissas tilstand utforskar om det er særskilde deler av materien; einskilde plassar som verkar inn på oss gjennom det vi sansar. La oss nemne desse plassane «privilegerte punkt». Om dette stemmer, kva for implikasjonar kan slike «privilegerte punkt» i landskapet ha for utviklinga av sosiale fellesskap? Kan vi sjå føre oss at slike kollektive opplevingar, -i ein utforskande prosess med kunstnargruppa eller i lag med publikum, kan opne opp nye måtar å sjå samfunna våre, frå det lokale til det planetariske?

Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand er eit samarbeid mellom Longva kunstnarresidens og Performance Art Bergen.

Longva kunstnarresidens er eit residensprogram under utvikling for profesjonelle kunstnarar og skribentar på Skuløy/Flemsøy i Møre og Romsdal. Skuløy/Flemsøy er ei av Nordøyane som ligg ytst mot havet 24 km mil frå Ålesund.

KUNSTNARAR: 

Signe Lidén (NO)

Bent Erik Myrvoll (NO)

Marita Isobel Solberg (NO)

Elin Sundström (SE)

Kamilė Pikelytė (LT) 

Ian Nesbitt (UK)

Anne-Marte Eidseth Rygh (NO)

ARRANGØRAR:

Terese Longva

Rita Marhaug

Sabine Popp

Longva kunstnarresidens:

Performance Art Bergen

FOTOGRAFAR: 

Nayara Leite (BR/NO)

Mateo Christensen (NO) 

INFORMASJONSARBEIDAR:

Marit Tunestveit Dyre (NO)

KOORDINATOR:

Lillian Bjørdal (NO)

KOORDINATOR MAT:

Malene Pedersen (DK) 

For meir informasjon:

www.performanceartbergen.no

www.betweenskyandsea.com

www.nordoyane.no/

Foto: Margarida Paiva

Arrangementet er i år støtta av : Norsk kulturfond , Billedkunstnernes Vederlagsfond, Nordisk kulturkontakt og  Møre og Romsdals fylkeskommune.

_______________________________________