OPEN CALL - Between Sky & Sea VII: Flying Blind
Kjære kunstnar,
Dette er ei open utlysing frå Performance Art Bergen (PAB). Vi søkjer med dette ein kunstnar til den 7. utgåva av den internasjonale hendinga Mellom himmel & hav i 2025. Denne utgåva er gitt undertittelen Uvissas tilstand/Flying Blind. Det er andre gong PAB samarbeider med Longva kunstnarresidens som vertskap for konseptet. Hendinga finn stad på Nordøyane, nord for Ålesund i tida 25.08.- 08.09.2025.
Målet med Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand er å gje profesjonelle kunstnarar ei ramme for undersøkingar der dei kan utfordre førestillingane våre om materien i spennet mellom mineralar og organismar, vitskap og spekulasjon. Forma vil i hovudsak vere performance for publikum vist på slutten av opphaldet.
Kunstnarane får i ein periode på 14 dagar naudsynte ressursar til å utvikle nye kunstverk i eit fagfelleskap.
Det vil seie at dei har tilgang på profesjonelle video- og stillbiletefotografar, transportressursar og personar med lokalkunnskap om kultur og natur. I tillegg vil vi ha inviterte gjestar som kan bidra med teori.
Leiemotivet kunstnarane vil jobbe mot, er vår felles materielle eksistensramme; landskapet - forma av naturen og mennesket. Særleg vil vi utfordre kunstnarane om å undersøkje danninga av meining og kommunikasjon mellom menneskekroppen og jordkroppen.
PAB vil sørge for reise, bustad og mat under opphaldet. Vi vil og betale kunstnarane ein mindre sum i honorar. Dette kan vi enda ikkje talfeste da vi framleis ventar svar på søknader om støtte.I tillegg til denne opne utlysinga er sju kunstnarar invitert til opphaldet på Longva, som fokuserer på performancekunst i rurale omgivnader. Vi minner om moglegheita til å nytte våre fotografar i arbeidsprosessen din.
Ver venleg å lese heile skildringa HER før du søkjer. Søknaden må innehalde:
- Kort skildring av din kunstarlege praksis relatert til vårt tema, maksimum 4000 teikn
- Portfolio av maksimum 5 prosjekt
- CV
Filformat: PDF, alt i eit dokument, maksimum størrelse 10 MBFilnamn:
namn_open_utlysing_2025Søknaden skal sendast til: post@performanceartbergen.no
Merk eposten med: Mellom himmel & hav - open utlysing - 2025.
Du vil få svar i slutten av juni -24.
www.betweenskyandsea.com www.nordoyane.no