PAB logo

photo belonging to pab-news article

Månedens medlem september 2026: Kurt Johannessen

Månedens medlem september: Kurt Johannessen

Hva får deg til å jobbe med performance?
Då eg byrja med performance tente eg mykje på det å lage kunst, prosessen. Performance vart då ein naturleg veg inn. Kunst er meir ei rørsle enn ein ting, meir eit verb enn ein eit substantiv.


Har du noen ritualer før du gjør performance?
Berre prøver å fokusere.

Hva er den beste performance du har gjort så langt? Hvorfor?
Eg framførde i 1988 ein performance som eg likte veldig mykje etterpå, og etter litt tid merka eg at det var ein veldig uheldig måte å tenkje på. Dei tankane stogga det kreative. Når eg tenkjer tilbake, kan eg finne arbeider som har vore viktig for meg, men det tar ofte lang tid før ein ser kva som er viktig. Det som viser seg viktig, er arbeid som viser veg inn i nye rom. Men alle desse tankane om fortidige arbeider kan in eigentleg nytta til å finna nye vegar.


Jobber du med en spesifikk performance nå?
Eg skal ha ein performance i Polen i slutten av oktober, men eg er ikkje heilt der enno. OK å la det ligge litt langt bak. Eg er meir inni eit prosjekt der eg skal lanser ei ny bok på KODE, Tekstallmenningen, Tag Team Studio og Kunstnernes Hus 3-6. november. Då skal eg ha ulike foredrag/ som grenser litt mot det performative. Eg er meir der no.


Hvilke råd vil du gi til noen som er interessert i å jobbe med performance?
Framfør performance. Framfør mange performancer. Lær av å utføre kunst. Lær av å være inni kunsten. Ikkje vær så opptatt av å forstå. Arbeid med noko du likar. Finn din veg, sakte. Å arbeide med kunst er meir ein veg innover, enn det er ein veg utover

Kan du nevne noen navn på performance kunstnerene som inspirerer deg?
Då eg studerte var eg veldig opptatt av Mark Rothko, utan at det påverka mine tidlege arbeid. Eg var inspirert av Stuart Brisley sine fysiske arbeider tidleg på 80-talet. Eg set pris på mange bildekunstnara og andre kunstnarar, men eg hentar mest inspirasjon frå andre rom, oppdagingar og tankar.


www.zeth.no
@kurtjohannessen (no)
@kurtjohannessen2 (eng)